Den store freden (1962)

Drama | 59 minutter
Rating:
0/10

Handling

Eit dramatisk dikt av Hulda Garborg. Diktet er ei skildring av den statsgjerninga irokesarhovdingen Hiawatha gjorde for fleire hundre år sidan då han fekk skipa eit 5-folkesamband mellom indianarfolka til fredeleg samarbeid og semje.

I rollene høyrer vi mellom andre Astrid Sommer (Nokomis), Edvard Drabløs (Iagoo), Joachim Calmeyer (Hiawatha) og Liv Ullmann (Minnehaha). Lagt til rette for radio av Johs. A. Dale. Teknisk regi: Peter Albertsen. Musikk: Finn Ludt. Instruktør: Tormod Skagestad. Forteljar: Jan Pande-Rolfsen.

Del:

Search