Flukta til Watership (1987)

Barn, Spenning | 3 timer, 30 minutter
Rating:
0/10

Handling

Hørespillserie i seks episoder for barn og ungdom, basert på boka "Watership Down" av Richard Adams. Vi følger kaninenes reise fra en truet skog til et tryggere sted. Dramatisert av Tomas Blom og oversatt av Øystein Rosse. Musikk: Guttorm Guttormsen. Instruktør: Steinar Berthelsen. Teknisk regi: Arnfinn Christensen. Sendt i Barnetimen.

 

Femmar anar fare (1:6)

Ein høyrespelserie i seks delar for born av Richard Adams. Dramatisert av Tomas Blom og omsett av Øystein Rosse. Vi skal ned i jorda og møte ville kaninar som bur i holer. Flokken vi skal høyre om bur i eit vakkert landskap og anar fred og ingen fare. Men den vesle kaninen Femmar er synsk og har ei kjensle av at noko frykteleg snart kjem til å skje. I rollene medverkar mellom andre Henrik Scheele (Forteljar) og Erik Lie (Femmar). (Sendt i Barnetimen).

Hør i NRKs nettspiller

Raidet mot bondegarden (2:6)

Ein høyrespelserie i seks delar for born av Richard Adams. Dramatisert av Tomas Blom og omsett av Øystein Rosse. Kaninane som forlet kolonien sin kom fram til nokre andre kaninar som var svært gjestfrie. Der fekk dei så mykje mat dei ville, men likevel var det noko som ikkje stemde. Femmar kjende på seg at noko var gale. Og i slutten av siste episode blei Hårfagre sitjande fast i ei snare. I rollene medverkar mellom andre Henrik Scheele (Forteljaren) og Erik Lie (Femmar). (Sendt i Barnetimen).

Hør i NRKs nettspiller

General Gullris (3:6)

Ein høyrespelserie i seks delar for born av Richard Adams. Dramatisert av Tomas Blom og omsett av Øystein Rosse. Kaninane har lært at dei må halde saman og stole på kvarandre dersom dei skal klare å overleve. Dei har kome til Watership Down og vil busette seg der. Men dei har ingen hokaninar, og dreg ut for å leite etter nokon som vil bu saman med dei. På ein bondegard treff dei nokon som vil bli med, men brått kjem det menneskje og skyt på Hassel. I rollene medverkar mellom andre Henrik Scheele (Forteljaren) og Erik Lie (Femmar). (Sendt i Barnetimen).

Hør i NRKs nettspiller

Hårfagre legg planar (4:6)

Ein høyrespelserie i seks delar for born av Richard Adams. Dramatisert av Tomas Blom og omsett av Øystein Rosse. Ekspedisjonen til kolonien Efrafa for å finne hokaninar var heilt mislykka, og det var så vidt dei kom seg unna. Den grusomme general Gullris er leiar i Efrafa, og han held mange kaninar innesperra. Men Hårfagre seier han vil gå til Efrafa og late som om han vil bu der, og etterpå rømme med hokaninane. I rollene medverkar mellom andre Henrik Scheele (Forteljaren) og Erik Lie (Femmar). (Sendt i Barnetimen).

Hør i NRKs nettspiller

Det store oppgjeret (5:6)

Ein høyrespelserie i seks delar for born av Richard Adams. Dramatisert av Tomas Blom og omsett av Øystein Rosse. Hårfagre klarte å bli offiser i kolonien til general Gullris, uten at nokon skjøna kva han eigentlig skulle der. Han organiserer flukta derifrå saman med Doggpels og fuglen Kehaar. Dei klarar akkurat å kome seg unna, og flyktar nedover elva i ein båt. Men vil general Gullris gje seg på grunn av det? I rollene medverkar mellom andre Bjørn Scheele (Forteljaren) og Erik Lie (Femmar). (Sendt i Barnetimen).

Hør i NRKs nettspiller

Sluttstriden (6:6)

Ein høyrespelserie i seks delar for born av Richard Adams. Dramatisert av Tomas Blom og omsett av Øystein Rosse. General Gullris og efrafanerane hans grev seg inn i holene for å ta livet av Hårfagre og Femmar og alle dei andre. Det verkar som om alt håp er ute. Da finn Hassel på at han kan lokke ein hund til å overfalle general Gullris frå baksida. Men rekk hunden fram før det er for seint? I rollene medverkar mellom andre Henrik Scheele (Forteljaren) og Erik Lie (Femmar). (Sendt i Barnetimen).

Hør i NRKs nettspiller

Del:

Anbefalte hørespill

Search