Raskolnikov (1979)

Drama | 7 timer, 33 minutter
Rating:
0/10

Handling

Høyrespel basert på Fjodor Dostojevskij si namngjetne roman "Brotsverk og straff" / "Forbrytelse og straff" (Prestuplenie i nakazanie, 1866). St. Petersburg omkring 1860. Studenten Raskolnikov er lutfattig og har inga von om ei betre framtid. Han isolerer seg, byrjar tru han er eit overmenneske som kan gjere det han vil, til og med ta liv. Han drep pantelånarkona Aljona Ivanovna - ei "lus", et mindreverdig "skadeleg" menneske, og søster hennar Lisaveta. Etter mordet går han inn i ein feberliknande tilstand, får sterke samvitskval og går gjennom skakande krisar - som gjer at han til slutt melder seg sjølv til politiet. Gjennom denne vedkjenningsprosessen set Dostojevskij lys på forbrytarpsykologi - samvit, skuld, soning.

 

Planen (1:12)

Da Dostojevskij skreiv denne boka, hadde han vel ikkje nett ein vanleg kriminalroman i tankane. Det blei det ikkje heller. Men eit mord står sentralt i handlinga, eit rovmord. Offeret er eit forferdeleg menneske, og pengane skal gå til nokre som svelt. Men kan ei slik handling forsvarast for det?

Hør i NRKs nettspiller

Mordet (2:12)

Raskolnikov meiner at han har rett til å drepe ei utsugande pantelånarkone for å hjelpe familien sin som svelt. Og det tek han konsekvensen av. Men alle konsekvensane av denne gjerninga si har han langt frå oversikt over.

Hør i NRKs nettspiller

Feber (3:12)

Raskolnikov meinte han hadde moralsk rett til å drepe pantelånarkona Aljona Ivanovna, men at han skulle kome til å ta livet av søster hennar óg, det hadde han ikkje rekna med. Han gøymer alt han har stole frå kona, og så grip feberen han så hardt at han blir liggjande medvitslaus i fleire døgn.

Hør i NRKs nettspiller

Mistenkt (4:12)

Raskolnikov drap ein utsugar, pantelånarkona Aljona Ivanovna, fordi han meinte at han moralsk rett til det. Men da han i panikk kom til å ta livet av den gode søstera hennar óg, fekk svolt og sjokk han til å falle i uvit. I fleire dagar var han sjuk. Sidan kjem han tilbake til åstaden, og der ter han seg så merkeleg at folk må undrast.

Hør i NRKs nettspiller

Familiemøte (5:12)

Raskolnikov kretsar monomant omkring dobbeltmordet han har gjort seg skuldig i. Så får han høyre at Porfyrij Petrovitsj, som leier etterforskinga av brotsverket, ønskjer å tale med han …

Hør i NRKs nettspiller

Første forhøyr (6:12)

Porfyrij Petrovitsj leier etterforskinga av drapet på pantelånarkona og søster hennar. Frå samtalen med han går Raskolnikov heim i stor uro, med kjensla av at nettet snører seg om han.

Hør i NRKs nettspiller

Oppgjer (7:12)

Søster til Raskolnikov, Dunja, har kome til Petersburg saman med mor deira. Ho har to friarar, og Raskolnikov tykkjer ikkje om nokon av dei. Dette gir han mykje å tenkje på, samstundes som han blir meir og meir full av uro over mordet og alt det fører med seg.

Hør i NRKs nettspiller

Andre forhøyr (8:12)

Raskolnikov kjem i fleire forhøyr, og han får vite at han er under sterk mistanke, det er berre provet for at han er mordar politiet vantar. Oppskaka etter dette går han i gravøl og treffer vener og uvener. Sjela hans har det ikkje betre etter dette …

Hør i NRKs nettspiller

Tilståinga (9:12)

I lengda greier ikkje Raskolnikov å bere sanninga om mordet på pantelånarkona Aljona Ivanovna og søster hennar Lisaveta aleine. Så fortel han kva han har gjort til Sonja, dotter til Marmeladov som han nyleg var i gravferda til. Men veggene er tynne, og uønskte øyre kan vere bak dei.

Hør i NRKs nettspiller

I nettet (10:12)

Godseigaren Svidrigailov vil ha Raskolnikov til å hjelpe seg med å overtale søster si, Dunja, som han elskar. Gjennom veggen høyrde han Raskolnikov tilstå brotsverket sitt for Sonja – han er med andre ord eit farleg vitne.

Hør i NRKs nettspiller

Farleg vitne (11:12)

Godseigaren Svidrigailov høyrde gjennom veggen da Raskolnikov tilstod mordet for Sonja. No prøver han å nytte kunnskapen sin til å få søster til Raskolnikov, Dunja, i si makt.

Hør i NRKs nettspiller

Til Sibir (12:12)

Etter hard sjelekamp går Raskolnikov, brotsmannen som til no har prøvt slippe unna politi og straff, endeleg til politiet og tilstår alt han har gjort. Men det er ikkje slutten på historia. T.d. er Sonja framleis i biletet. Epilog.

Hør i NRKs nettspiller

Del:

Anbefalte hørespill

Search