Røyster i steinen (1981)

Drama | 49 minutter
Rating:
0/10

Handling

Kven er dei gale? Claes Andersson, som òg er poet og psykiater, gjer dette gamle spørsmålet aktuelt på ny i høyrespelet sitt. Han lar sinnslidande kome til orde - i lyriske monologar, men òg i samtalar med slike som går for å vere normale, slike som oss. Handlinga er lagt til ein psykiatrisk institusjon, "røystene" er røystene til pasientar. Vi møter kvinna som har flykta inn i ei drømmeverd der ingen kan nå henne, den unge mannen som får smaka aggresjonen mot dei som ikkje greier å vera produktive, den kvinna som bokstaveleg blei sjuk av berre å gå heime, ho som blei sjuk av samlivet med ein mann, som sjøl var sjuk, men utan å veta om det, ho som la for mykje i det ein mann sa og ga seg over til fantasiverden då mannen gifta seg med ei anna, han som berre er redd for alt og ikke minst for sjølve redsla.

Omsett av Halldis Moren Vesaas. Musikk: Egil Kapstad. Instruktør: Merete Skavlan. Teknisk regi: Odd Asbjørn Ekseth. Dei som er med: Tone Schwarzott, Arne Lie, Bjørn Floberg, Tone Danielsen, Sverre Holm, Erik Øksnes, Siri Rom, Svein Tindberg, Gisle Straume, Hilde Sophie Plau, Bente Børsum, Jorunn Kjellsby, Odd Furøy, Anne Marit Jacobsen, Roy Bjørnstad, Knut Risan, Peter Lindbæk, Astrid Folstad, Mona Hofland og Frank Robert. Annonsering ved Svein Jarle Molnes.

Del:

Anbefalte hørespill

Search