Vertshuset Jamaica (1982)

Usortert | 3 timer, 26 minutter
Rating:
0/10

Handling

Kriminalhørespill i seks deler, etter ein roman av Daphne du Maurier.

Grøss og romantikk er stikkord for forteljinga om unge Mary som kjem til det aude og vindsveipte Cornwall, lengst vest i England, for å bu hos tanta og onkelen sin som driv vertshuset Jamaica. Vertshuset har eit dårleg ord på seg, og skikkelege folk er redde og held seg unna ...

Tilrettelagt for radio av Brian Gear. Omsett av Ivar Eskeland. Instruktør: Nils Nordberg. Teknisk regi: Robert Jørgensen. Musikk: "Drama in strings" av Dennis Farnon, "The Banks of Dunmore" (trad.), framført av John Wright, munnharpe. Annonsering ved Kari Linjordet.

 

Mary! (1:6)

Ved sida av "Rebecca" er dette den mest kjende forteljinga til grøssarforfattaren Daphne du Maurier, om den unge foreldrelause Mary Yellan som i året 1810 kjem for å bu hos tanta og onkelen sin på vertshuset Jamaica. Ho oppdagar at skikkeleg folk skyr staden som pesten. Dei er redde - det seier dei iallfall ... Med: Elisabeth Sand (Mary Yellan), Per Sunderland (Joss Merlyn), Siri Rom (Tante Patience), Astrid Folstad (Forteljaren), m.fl.

Hør i NRKs nettspiller

Presten i Altarnun (2:6)

Jem Merlyn dukkar opp - i sinn og skinn ein yngre utgåve av Joss, ser det ut til. Mary trur ho no veit kva onkelen driv på med. Men han har hemmelege møte med einkvan, og ein dag får ho det innfallet å følge etter han ... Med: Elisabeth Sand (Mary Yellan), Per Sunderland (Joss Merlyn), Jan Hårstad (Jem Merlyn), Astrid Folstad (Forteljaren), m.fl.

Hør i NRKs nettspiller

Løyndomen (3:6)

Sjølv om Mary mistrur hestetjuven Jem Merlyn, byrjar det å vekse fram ein venskap mellom dei. Men så ein kveld fortel onkel Joss kva det er han verkeleg driv på med - og det er mykje verre enn Mary nokon gong hadde tenkt seg ... Med: Elisabeth Sand (Mary Yellan), Per Sunderland (Joss Merlyn), Jan Hårstad (Jem Merlyn), Astrid Folstad (Forteljaren), m.fl.

Hør i NRKs nettspiller

Havariet (4:6)

Mary blir med Jem Merlyn på marknaden i Launceston julaftan. Men dei kjem frå kvarandre, og ho må draga åleine heim til vertshuset. På vegen blir ho fanga av Joss og mennene hans - dei er på veg til eit nytt tokt. Med: Elisabeth Sand (Mary Yellan), Lars Andreas Larssen (Francis Davey), Per Sunderland (Joss Merlyn), Astrid Folstad (Forteljaren), m.fl.

Hør i NRKs nettspiller

Mordet (5:6)

Etter den siste vrakplyndringa går onkel Joss i angest for liv og fridom. Mary blir stengd inne, men tar saka i eigne hender og rømer etter hjelp ... Med: Elisabeth Sand (Mary Yellan), Per Sunderland (Joss Merlyn), Jan Hårstad (Jem Merlyn), Astrid Folstad (Forteljaren), m.fl.

Hør i NRKs nettspiller

Leiaren (6:6)

Joss Merlyn ottast berre eit menneske i verda - den mystiske leiaren for banden, han som var i vertshuset den natta ein mann kanskje vart drepen. Kven er han? Mary får no vite svaret ... Med: Elisabeth Sand (Mary Yellan), Lars Andreas Larssen (Francis Dervey), Jan Hårstad (Jem Merlyn), Rolf Sand (Domar Bassat). Astrid Folstad (Forteljaren), m.fl.

Hør i NRKs nettspiller

Del:

Search