Opprøret (1979)

Barn, Drama | 2 timer, 37 minutter
Rating:
0/10

Handling

Høyrespel for ungdom i seks delar, bygd over den svenske forfattaren Sven Wernström si bok "Upproret" (1968).

Morgonen 26. juli 1953 gjekk ein flokk opprørsmenn til åtak på kaserna Moncada Santiago på Cuba. Dette var starten for den revolusjonen som skulle vende opp ned på det kubanske samfunnet dei neste fem åra. Blant opprørarane som vart drepne under det mislukka attentatet var Bernancio Ramos, jordarbeidar og far til to barn. Det er denne familien vi fylgjer gjennom dei fattige syskena Manolo og Beatriz. Etter farens død blir familien Ramos tvinga til å røme frå landsbyen sin og inn i slumstroka i storbyen Santiago, seinare opp i fjella som hjelparar for geriljatroppane til Fidel Castro.

Dramatisert for radio av Olle Pettersson, til norsk ved Halldis Moren Vesaas. Instruktør: Otto Homlung. Teknisk regi: Odd Sigurd Njaa. Musikk: Håkon Berge. Annonsering ved John Skien.

 

Landsbyen brenn (1:6)

"Opprøret" er historia om eit folk som reiser seg mot undertrykkarane. Det er historia om eit land som har vore styrt av utanlandske makter, rike jordeigarar, forretningsfolk og militærdiktatur. Jordarbeidaren Bernancio Ramos vert skoten i kamp med dei cubanske regjeringssoldatane. Manolo og Beatriz har mista far sin. Vi er på Cuba i 1953. Landarbeiderane har gripe til våpen mot dei som har makta. Dei kjempar for fridom og jord og brød. I rollene høyrer me mellom andre Ola B. Johannessen (Forteljaren), Ragnar Holen (Bernancio Ramos), Bente Børsum (Regla Ramos, kona hans), Petter Baanrud (Manolo) og Annika With (Beatriz).

Hør i NRKs nettspiller

Kven kan ein lite på? (2:6)

Far til Manolo og Beatriz er skoten i kamp med regjeringssoldatane, og som hemn fordi landarbeidarane set seg opp mot styresmaktene, set soldatane fyr på landsbyen deira. Dei må rømme inn til slumstroka i Santiago. I rollene høyrer me mellom andre Ola B. Johannessen (Forteljaren), Bente Børsum (Regla Ramos), Petter Baanrud (Manolo) og Annika With (Beatriz).

Hør i NRKs nettspiller

På oppdrag fra geriljaen (3:6)

Manolo er skoten i beinet. Politiet er etter han. Dei veit at han er med i ein gjeng som samarbeidar med geriljaen oppe i fjellet. Målet deira er å styrte Batista, den forhatte diktatoren på Cuba. Manolo vil halde systera utanfor kampen. Men er det mogleg? I rollene høyrer me mellom andre Ola B. Johannessen (Forteljaren), Bente Børsum (Regla Ramos), Petter Baanrud (Manolo) og Annika With (Beatriz).

Hør i NRKs nettspiller

Vi må røme til fjells (4:6)

Overalt i Santiago, på husveggane, på gatene, står det måla med store bokstavar: Leve 26. juli-rørsla! Død over Batista! Beatriz, 15 år, er óg med i kampen for revolusjonen på Cuba. Ho og broren smuglar våpen til geriljaen oppe i fjella. Året er 1958, og regjeringa er desperat. I rollene høyrer me mellom andre Ola B. Johannessen (Forteljaren), Bente Børsum (Regla Ramos), Petter Baanrud (Manolo), Annika With (Beatriz) og Sverre Bentzen (Paco Valiante).

Hør i NRKs nettspiller

Manolo sluttar seg til rebellane (5:6)

Det er karneval i Santiago. Men politiet er ikkje i feststemning. Dei freistar å rulle opp motstandsgruppene, og no har dei øydelagt butikken der Manolo og venene hans heldt møte. Dei kom seg så vidt unna, og no ber det til fjells. Manolo vil slutte seg til geriljaen og Fidel Castro. I rollene høyrer me mellom andre Ola B. Johannessen (Forteljaren), Bente Børsum (Regla Ramos), Petter Baanrud (Manolo), Annika With (Beatriz) og Sverre Bentzen (Paco Valiante).

Hør i NRKs nettspiller

Siger, men kva no? (6:6)

Året er 1958, og staden er Cuba. I snart to år har folket kjempa mot general Batista og hans tyranni. I byane blir kampen ført av hemmelege motstandsgrupper. På landsbygda, oppe i fjella, held geriljaen til. Dit drar Manolo. I rollene høyrer me mellom andre Ola B. Johannessen (Forteljaren), Bente Børsum (Regla Ramos), Petter Baanrud (Manolo), Annika With (Beatriz) og Sverre Bentzen (Paco Valiante).

Hør i NRKs nettspiller

Del:

Anbefalte hørespill

Search