Bronsesverdet (1966)

Barn | 1 time, 47 minutter
Rating:
0/10

Handling

Høyrespel for born av Johannes Heggland.

Det har gått eit år sidan harudane gjekk til angrep mot oningane på Gløyp, og gjorde Onøya til sin nye heim. Træleguten Tolg vert teken til fange, medan Jørdi blir mistenkt for å ha krefter som har valda ulukke over harudane.

Forteljar er Tordis Maurstad. Instruktør: Viktor Sandal. Teknisk regi: Jan Erik Hoel.

 

Under vårfestane (1:4)

Folket på On har samla seg kring huset til Are hovding. Der venter dei på at gudinna skal gjeste dei; borna hentar blomar av mange slag og dei vaksne gøymer bort våpena sine. Både Jørdi og Tolg minnast ein annan vårfest der Aun hovdingson svor på at han skulle herje On på ny. I rollene medverkar bl.a.: Kari Winge (Jørdi), Turid Haaland (Ålo, ei gamal kvinne) og Bjarne Thomsen (Tolg).

Hør i NRKs nettspiller

Ferda mot sør (2:4)

Tolg er teke til fange på ein av båtane til harudane. I byrjinga merkar han seg sund og øyer for å kunne finna vegen attende til On, men etter kvart blir omgjevnadene annleis enn han er vant med. På ferda får han godleik for den gamle haruden Hjørve. I rollane medverkar bl.a.: Henrik Børsetg (Hjørve), Tor Stokke (Aun) og Bjarne Thomsen (Tolg).

Hør i NRKs nettspiller

Jørdi vert bortførd (3:4)

Harudane trur grødeguddinna er harm for noko ettersom dei vart rana for utstyr og våpen. Dei vil finne ut kven som er skuldig, og mistanken vert retta mot Jørdi. I rollane medverkar bl.a.: Jack Fjeldstad (Kjarte), Rolf Søder (Are) og Kari Winge (Jørdi).

Hør i NRKs nettspiller

Attende til On (4:4)

Havet er lunefullt, og krevjar fleire liv, men Tolg og Hjørve bergar seg. Dei ser seg nødt til å brenne båten slik at dei omkomne skal kunne ta seg fram til dødsriket. Dei tar til fots for å kome seg attende til On - ei lang og strevsam ferd. I rollane medverker bl.a.: Henrik Børseth (Hjørve), Bjarne Thomsen (Tolg) og Arne Rygg (Steinar).

Hør i NRKs nettspiller

Del:

Search